Erfaren arkitekt/ byggingeniør
Sporstøl Arkitekter er eit veletablert arkitektkontor med lang historie og no 21 tilsette i Ulsteinvik, Ålesund og Stranda. Vi tilbyr alle fagområder innan arkitektur, herunder plan, landskap, interiør og prosjektadministrasjon.
Oppdragsmengda er særs god, med mange interessante oppdrag under arbeid og vi ser positivt på tida framover.
Derfor ser vi no etter ein erfaren arkitekt eller byggingeniør som vil vere med oss vidare. Du må ha master utdanning i arkitektur, eller bachelor/master byggingeniør. For denne stillinga ser vi etter deg med minimum 8-10 års erfaring med detaljprosjektering og gjennomføring av prosjekt. Også viktig med god 3D modelleringskunnskap og ikkje minst evne til å arbeide sjølvstendig og ha god kommunikasjon med kundar og andre involverte. Vi kan tilby spennande oppdrag og gode muligheiter for vidare utvikling, arbeidsplass Ålesund eller Ulsteinvik.
Sjå meir informasjon om oss på nettsida vår;
For samtale og søknad, ta kontakt med
Ingvill Arhaug Bovill, dagleg leiar.
Mob: 938 44 248
E-post: ingvill@sporstol.no



