Gitte Langlo, som vart gjenvalt som leiar i arkitektforeninga tidlegare i vår, har skifta beite. Frå og med april har ho gått inn i Sporstøl Arkitekter AS og avslutta eit 23 års langt eigarskap og arkitektjobben i ART arkitekter og ingeniører AS.

«Vi i Sporstøl Arkitekter er godt nøgde med at Gitte er komen med på laget. Ho tilfører oss både solid arkitektkompetanse, men ikkje minst erfaring med prosjekteringsleiing i større offentlege prosjekt», seier dagleg leiar Ingvill Arhaug Bovill. Gitte har i tillegg til å vere utførande arkitekt, også hatt prosjektleiing av større lokale prosjekt for Statsbygg, Fylkeskommunen og mange av Sunnmørskommunane. Ho er ein skikkeleg lokalpatriot når det gjeld utvikling av arkitektur i fylket vårt. «Eg håpar at eg i Sporstøl Arkitekter kan operere i eit større arkitektmiljø og vere med å gjere oss meir attraktive for dei offentlege kundane. For å få til det må vi ha sterk og brei arkitektkompetanse slik at vi er konkurransedyktige i høve til dei store nasjonale og multinasjonale arkitektkontora. Våre kundar skal velje Sporstøl Arkitekter fordi vi kjenner både sunnmørsarkitekturen, det utfordrande klimaet her og kva kundane i vårt område treng av funksjonalitet og estetikk. Eg gler meg verkeleg til å jobbe i eit større og ekspansivt arkitektmiljø!». Sporstøl Arkitekter har også nettopp tilsett landskapsarkitekt, Lene Hole, og tel no 19 tilsette. «Vi har hovudkontor i Ulsteinvik, men Gitte vil både ha eige avdelingskontor på Stranda samt vere tilknytta avdelingskontoret vårt i Ålesund» i følge Ingvill, «vi er i den heldige posisjon at vi har godt med prosjekt, og vi ser stadig etter fleire dyktige tilsette».

M

Installation

– Under 24 Hours

Fix & Care

– Under 12 Hours

Uninstallation

– Under 48 Hours

Design by Divi Pixel Copyright © 2025. All Rights Reserved.

Dagleg leiar Sivilarkitekt, Fagledar Arkitektur

Ingvill er Sivilarkitekt frå NTNU Trondheim (2000). Ho har tidligare erfaring frå Arki Arkitektar og Utviklingsavdelinga ved Herøy kommune.

På kontoret er ho dagleg leiar og fagleg ansvarleg for arkitektur og design, og er såleis involvert i det meste av prosjekt og planarbeid. Arbeidsområde er å utvikle og prosjektere alle typer bygg frå første skisse til ferdig bygg,

Ingvill er med i styret og leiargruppa i Sporstøl Arkitekter.

Tilsett i Sporstøl Arkitekter sidan 2003.